søndag 22. mai 2011

Eksamensperiode

No er me midt inne i eksamensperioda her i Trondheim. Sidan det meste av dagane går med til pensumlesing for tida, har det blitt lite handarbeid. Eg tenkte likevel at eg skulle legge ut eit par bilete av produksjonar som vart ferdige før eksamensstresse byrja for fullt.


Denne babyjakka er strikka i gåve til ei lita jente som er venta å kome til verden no i desse dagar. Oppskrifta er henta frå garnstudio.no


Denne halsen er både god, stor og varm. Den er strikka i dobbel tråd i garnet Puno. Eg la opp 120 masker på pinne nummer 10 og strikka rundt og rundt til passe høgde. Den blir stor, så passar godt til å ha to gongar rundt halsen. Litt for varm å bruke i desse dagar, men er veldig god om vinteren:)

- Siri





tirsdag 3. mai 2011

Strikkeverden sitt NFI-prosjekt

I påska strikka eg eit par tubesokkar og ei lita hue til NFI-prosjektet som Strikkeverden har satt i gong. NFI-prosjektet er ein kampanje for å engasjere folk til å bidra med strikk til dei små nyfødte på NFI-avdelingane rundt om i landet (nyfødt intensiv). Desse borna er så små at det er vanskeleg å finne kle som passar.

Sidan eg strikka desse heime i Volda, vil dei bli levert til Ålesund sjukehus.

Oppfordrar alle til å bidra med strikk innen 1. juni 2011:) Les meir på Strikkeverden på facebook

- Siri

torsdag 31. mars 2011

Arne&Carlos hue

Ei venninde av oss sat å strikka på ei kjempe stilig Arne&Carlos hue, og eg måtte sjølvsagt teste ut designet! Valde å lage den litt kortare enn orginalen, og har enda ikkje fått på dusken som i følge designet skal vere der. Synast den blei like fin utan dusk, så det spørs om eg gjer meg bryet å lage den ;)

Dette blei ein kjempe suksess og eg har allereie laga ei til etter bestilling frå ei venninde :)

onsdag 9. mars 2011

Nye produkter, sein oppdatering!


Nå er det lenge sida det har vore aktivitet på sida, trur ikkje vi heilt har skjønt dette med blogging! ;)

Eg var ganske produktiv før jul og fekk unna nokre julegåve samt nokre supre tovavottar til meg sjølv. Tenkte eg skulle legge ut nokre bileter, men har foreløbig berre bilete av dei hekla vottane eg laga til mamma og mormor. Dette er eit dropsdesig som er veldig enkelt å lage og dei er varme og gode! Eg laga også ein vriddhals til svigerinna mi, tilsvarande den Siri laga , i lys lavendel.

I løpet av romjula tok eg og mor endeleg fatt på tjukkegenserprosjektet og blei ferdig med den lenge etterlengta tjukkegenseren min. Enda eit dropsdesign, i hærleg dobbel alpakka. Kjempe varm og deilig. Synast modellen kanskje er litt kort trass i at vi laga den lenger enn mønstert (!). Laga ein hals til meg sjølv på nyåret i dobbelt puno. Veldig mjukt godt garn, men kanskje i dyraste laget. Synast uansett halsen blei kjempe fin, og den er utruleg god å ha på! Håpar eg etterkvart får lasta opp bileter av vinterprodukta mine!

Etter jul fekk eg fleire oppdrag frå familien og sendte heimover nokre huer, som eg håpar kom godt med i vinterkulda, samt gryteklutar til ho mor.

For augneblinken har eg fått dilla på mariusmønstert, som alle andre, og har laga meg tre panneband med ein mariusmønstervri.

Håpar kreativitet og produktivitet held fram resten av vinteren, så skal vi bli flinkare å oppdatere med bileter og tekst :)

torsdag 4. november 2010

Oppdatering

Går litt seint mellom blogginga for tida, me skal prøve å bli flinkare! Sidan kvardagen er litt travel no i haustsemesteret har det gått litt dårleg med produksjonen også. Tenkte likevel eg skulle legge ut nokon bilete av noko av det eg har laga i haust.


Panneband og hals. Oppskrift på halsen er henta frå Pickles.no, Vridd hals


Brødkorg, laga etter oppskrift frå garnstudio.no



Strikka hue



Kjøkkenklutar, veldig gode:)

God haust til alle! No er det snart jul, så det er vel berre å sette i gong med julegåvene.

- Siri

tirsdag 20. juli 2010

Handarbeid i ferien

Sjølv om det kan vere vanskeleg å tru når ein ser på veiret her på Sunnmøre, er me kome til midten av juli allereie og eg har berre ei og ei halv veke igjen på jobb! Ein fin aktivitet å halde på med når regnet pøsar ned er handarbeid, og eg har difor funne meg to litt større prosjekt å fikle med. Begge prosjekta er henta frå Pickles.no og garnet eg brukar er også derfrå. Nedanfor er bilete av byrjinga av begge prosjekta, fleire bilete kjem når prosjekta er ferdige:)

Hipp Hagejakke

- Siri

onsdag 16. juni 2010

Sommarferie / Sommarjobb

No sit eg på ein lab i Trondheim, medan Siri har kome seg heim til vakre sunnmøre for sommaren. Det er sommarferie, endeleg, men sommarjobben er allereie tiltredd.

Det har vore stusseleg lite aktivitet på denne fronten siste tida. Først var me på ein 3 vekers ekspedisjon. Kina og Thailand på Siri, medan eg var i Brasil. Me skal prøve å nytte litt av inspirasjonen me har fått, men det kan ta litt tid å lage mønster ol.

Etter ekspedisjonen byrja eksamensperioda, og i kombinasjon med latskap blei det lite aktivitet her.

Det har heller ikkje blitt produsert så mykje siste tida, men nokre vinterprodukt er i produksjon. Både hals og hue er klare i god tid før vinteren kjem!

Ser fram til ein inspirerande og varm sommar! =)