torsdag 4. november 2010

Oppdatering

Går litt seint mellom blogginga for tida, me skal prøve å bli flinkare! Sidan kvardagen er litt travel no i haustsemesteret har det gått litt dårleg med produksjonen også. Tenkte likevel eg skulle legge ut nokon bilete av noko av det eg har laga i haust.


Panneband og hals. Oppskrift på halsen er henta frå Pickles.no, Vridd hals


Brødkorg, laga etter oppskrift frå garnstudio.no



Strikka hue



Kjøkkenklutar, veldig gode:)

God haust til alle! No er det snart jul, så det er vel berre å sette i gong med julegåvene.

- Siri

tirsdag 20. juli 2010

Handarbeid i ferien

Sjølv om det kan vere vanskeleg å tru når ein ser på veiret her på Sunnmøre, er me kome til midten av juli allereie og eg har berre ei og ei halv veke igjen på jobb! Ein fin aktivitet å halde på med når regnet pøsar ned er handarbeid, og eg har difor funne meg to litt større prosjekt å fikle med. Begge prosjekta er henta frå Pickles.no og garnet eg brukar er også derfrå. Nedanfor er bilete av byrjinga av begge prosjekta, fleire bilete kjem når prosjekta er ferdige:)

Hipp Hagejakke

- Siri

onsdag 16. juni 2010

Sommarferie / Sommarjobb

No sit eg på ein lab i Trondheim, medan Siri har kome seg heim til vakre sunnmøre for sommaren. Det er sommarferie, endeleg, men sommarjobben er allereie tiltredd.

Det har vore stusseleg lite aktivitet på denne fronten siste tida. Først var me på ein 3 vekers ekspedisjon. Kina og Thailand på Siri, medan eg var i Brasil. Me skal prøve å nytte litt av inspirasjonen me har fått, men det kan ta litt tid å lage mønster ol.

Etter ekspedisjonen byrja eksamensperioda, og i kombinasjon med latskap blei det lite aktivitet her.

Det har heller ikkje blitt produsert så mykje siste tida, men nokre vinterprodukt er i produksjon. Både hals og hue er klare i god tid før vinteren kjem!

Ser fram til ein inspirerande og varm sommar! =)

fredag 7. mai 2010

Strikkahue

Tidlegare produksjonar:)








Heklahue

Huer frå tidlegare produksjonar





















mandag 11. januar 2010

Test, test, testing!


Første innlegg på sida! Etter mykje om å men har me no endeleg klart å oppretta ein blogg. Gjett om me er stolte! Første innlegg blir eit lite testinnlegg, då me ikkje heilt har funne ut av alt enno.
Denne hua viser eit av farge/mønster ekseprimanta våre, ein som står på telemarkski:-)