Sjølv om det kan vere vanskeleg å tru når ein ser på veiret her på Sunnmøre, er me kome til midten av juli allereie og eg har berre ei og ei halv veke igjen på jobb! Ein fin aktivitet å halde på med når regnet pøsar ned er handarbeid, og eg har difor funne meg to litt større prosjekt å fikle med. Begge prosjekta er henta frå Pickles.no og garnet eg brukar er også derfrå. Nedanfor er bilete av byrjinga av begge prosjekta, fleire bilete kjem når prosjekta er ferdige:)
- Siri
Aj, dette ser bra ut! Skikkeleg produktiv du! =) Men som du seier; fint å sysselsetje seg med slikt når det hølja ned! Gler meg til å sjå dei ferdige produkta!
SvarSlett